Date and time: 05.03.2019 14:15-15:00

Facilitator: Adrian Rutle

Title: Research groups at FIN

Place: C115

Slides can be found here (TBA)

More information: (English mixed in the text from Erik Kyrkjebø)

Fakultetet ynskjer å styrke satsinga på FoU ved å etablere meir synlege og organiserte forskingsgrupper ved FIN. Vi ber difor om innspel til tema, innhald og medlemmer innan 8. mars 2019 gjennom dette elektroniske innspelsskjemaet: https://www.survey-xact.dk/LinkCollector?key=W5FEXNRGC61K

 

English:

We invite proposals for research groups at FIN to be submitted to the link above within March 8th.

 

Forskingsgruppene kan gjerne ta utgangspunkt i eksisterande grupper som er etablerte, eller det kan spelast inn nye. Vi vil gjerne at forskingsgruppene skal initierast frå dei fagtilsette sjølve, og at det skal vere eit spekter av storleik og tema i forskingsgruppene – som kan vere både innanfor ein fagdisiplin og tverrfaglege (gjerne på tvers av institutt og fakultet). Det må gjerne køyrast eigne prosessar på institutta for å stimulere og koordinere initiativa til forskingsgrupper før fristen.

 

Mandat og deltaking

Alle fagtilsette ved FIN bør delta i ei forskingsgruppe. Forskingsgrupper skal i hovudsak vere forskarinitierte, og det skal vere stor fridom i tal medlemmer og kor formell organiseringa av gruppa er. Det er mogleg å delta i fleire (opp til 2-3) forskingsgrupper samstundes, men ein kan berre vere leiar av ei gruppe.

Forskingsgruppene har som mandat å motivere og målrette innsats og arbeid mot vitskapleg publisering, kompetanseheving og søknader om ekstern finansiering innanfor eit felles tematisk område. Gruppa har og ansvar for å stimulere til samarbeid på tvers av institutt og fakultet.

Gruppene skal koordinere felles aktivitet og arbeid innanfor temaet til gruppa, men ikkje styre den faglege aktiviteten til den enkelte fagtilsette. Alle fagtilsette uavhengig av fagleg kompetanse kan vere medlemmer i forskingsgruppa, og ein viktig aktivitet i gruppa er kollegarettleiing mot kompetanseopprykk og for å komme i gang med vitskapleg publisering. Medlemmene brukar av eigen FoU-tid inn mot aktivitetane i gruppa, men det kan bli aktuelt å tildele noko driftsmidlar til gruppene.

Forskingsgruppa bør ha jamlege møter der ein drøftar

  • nye felles forskingsprosjekt og søknader om eksterne forskingsmidlar,
  • samarbeid og synergiar med andre grupper på fakultetet og i HVL,
  • behov for rettleiing og tilbakemelding frå kollegaer,
  • korleis FoU-aktiviteten i gruppa kan styrke strategiske satsingsområder og utdanningar,
  • moglegheiter for nye samarbeid og nettverk, nasjonalt og internasjonalt,
  • korleis auke den faglege formidlinga innanfor temaområdet,
  • forskingsetiske spørsmål som er relevante for aktiviteten i gruppa.

Eit viktig formål med forskingsgruppa er å vise fram den faglege aktiviteten FIN har innan for temaområdet, og alle forskingsgruppene skal profilerast på HVL sin eksternvev.

 

Prosess

Vi inviterer til innspel til forskingsgrupper innan 8. mars 2019, og instituttleiarar blir oppmoda om å ha t.d. instituttmøte der ein drøftar kva forskingsgrupper som er naturlege på instituttet, og gjerne oppmodar enkeltpersonar om å ta initiativ til forskingsgrupper. Tidleg i mars vil vi publisere ei liste over innmeldte forskingsgrupper med kontaktpersonar. Fagtilsette som ser relevante forskingsgrupper for sin aktivitet blir oppmoda om å ta kontakt med leiar/koordinator for forskingsgruppa for melde si interesse for å delta. Innan 1. april blir det moglegheit for å sende inn reviderte forslag til forskingsgrupper med oppdaterte medlemslister og tema for gruppa. Tidleg i april vil forslaga til forskingsgrupper godkjennast av dekan, og kommunikasjonsavdelinga vil få informasjon frå innspelsskjemaet for å publisere informasjonen på HVL-veven.

 

Denne informasjonen vil bli lagt ut på fakultetet sine sider, og eventuelle oppdateringar rundt prosessen vil bli kunngjort der: https://www.hvl.no/Vestibylen/organisasjonen/fakultet/fakultet-for-ingenior-og-naturvitskap/

 

__________

Erik Kyrkjebø,

Prodekan for forsking, Fakultetet for ingeniør- og naturvitskap

Høgskulen på Vestlandet

Tlf: 57 67 62 85 / 93 05 93 49